top of page

Hognestad idrettslag inviterer til Hognestad-nåttå 2025

  • Forfatterens bilde: Hognestad IL
    Hognestad IL
  • 8. aug. 2025
  • 2 min lesing
Hognestad-nattå 2025 telt

Teltfest med musikk og godt lag- laurdag 23. august kl. 19:00


Sal av mat fra Smaken av Landet og servering i kiosken i klubbhuset


Laurdag 23. august kl. 19:00Inngang bak klubbhuset


Hognestad IL inviterer til Hognestad-nåttå – ein festkveld for heile bygda og alle frå Bryne og omegn. Dette blir ein sosial og livleg teltfest med musikk, lokal mat og godt lag. Her er det rom for både feststemning og bygdefellesskap. Kom og bli kjent med Hognestad-bygda!



🎵 Livemusikk med Jens Budsberg


Jens Budsberg er kjent for å skapa god stemning med eit variert og fengande repertoar. Her blir det både dans og rolege låtar – noko for ein kvar smak.



🍴 Mat frå Smaken av Landet


Kortreist og velsmakande mat vert servert gjennom kvelden, laga med omsorg av Smaken av Landet – perfekt for ein seinsommarkveld i teltet.



😊 Sal av drikke i kiosken


Me tilbyr drikke for ein kvar smak, servert frå kiosken inne i teltet.



🎫 Praktisk informasjon


Billettpris: kr 300Kjøp billett via Vipps: #815211Aldersgrense: 18 årArrangementet går av stabelen uansett vêr – teltet gjer at me held oss tørre og varme.Det er avgrensa antal plassar, så me oppmodar alle til å kjøpe billett på førehand.



🌟 Kvifor Hognestad-nåttå?


Hognestad-nåttå har etter kvart blitt eit kjært og populært innslag i bygda. Arrangementet samlar folk frå heile området, og skapar samhald og gode opplevingar på tvers av generasjonar. Dette er ei kveld som handlar om fellesskap, lokal kultur og å nyte bygdelivet saman. Hognestad idrettslag er stolte av å arrangere dette år etter år, og håper at nettopp DU vil koma.


Arrangementet er ope for alle over 18 år – velkomen til ein stemningsfull kveld på Hognestad!



Les meir om Smaken Av Landet: Smaken av Landet – Kortreist mat fra jæren


Les meir om Jens Budsberg: Jens Bonde

bottom of page