Vårdugnad Hognestad IL 2026 i boks!
- Hognestad IL

- 29. apr.
- 1 min lesing
Hognestad idrettslag vil retta ein varm takk til alle som stilte på dugnad frå bygda. Det kom bebuarar i bygda, styret i idrettslaget, samt idrettslagets venner.
Vêret var som me kjenner det her på Jæren, med litt regn og ein sur vind, men jærbuane let seg ikkje stoppa av slikt. Med godt humør og ståpåvilje fekk me gjort mykje. Banen vart rydda, skilt fiksa, det vart vaska og spylt, luka og dyrka. No ligg alt til rette for ein ny og god sesong.
Tusen takk til alle som stilte opp og gjorde ein innsats, og ikkje minst til dykk som sørgde for god proviant i form av rundstykke, bollar, kaker og muffins. Det set me stor pris på.
Barna hadde det kjempegildt, med god leik i hallen og livleg herjing utandørs, akkurat slik det skal vera.
Me er heldige som har folk som stiller opp når det trengst. No er sesongen i gang, og me gler oss!





