Jonsok 2019

Postet av Hognestad IL den 7. Jun 2019

Velkommen til Jonsokfeiring på Hognestad Stadion. HIL sine bord og benker blir sett ut og grillane er varme fra kl 18. Det vert tautrekking, hopping i sekk, potetløp og fotballkamp mellom vaksne og unger. Kiosken er åpen. Felles tenning av Jonsokbål 20.30. 




Hognest`treffen

Postet av Hognestad IL den 20. Feb 2019

Til folket i Hognestad-krinsen!


I Hognestad Idrettslag sitt blad har leiar, Tommy Hognestad Liland, etterlyst nokon som vil prøva å dra i gang eit enkelt opplegg på dagtid, for pensjonistar og andre det måtte høva for, i det nye Klubbhuset. 

Me er nokre som trur dette er mogleg, og prøver med ei samling onsdag 6. mars kl. 13.00. Det er viktig med godt frammøte, der me kan drøfta om dette er noko me vil halda fram med, og i så fall korleis. Me tenkjer først og fremst på dei som har tid på dagtid, også dei som har flytta frå krinsen, eller andre som ønskjer å treffast til litt program og mykje godt drøs. Tipsa gjerne nokon de trur det kan passa for. 


God parkering framfor klubbhuset, nede ved grasbanen. Herifrå er det utvendig trapp opp til hovudinngangen.  

                                                                  


Me inviterer til:


Hognest`treffen på Klubbhuset onsdag 6. mars kl. 13.00. 


Velkommen!


Tom Hetland:

LIVET PÅ HOGNESTAD OG STYRKEN TIL DEI SMÅ SAMFUNNA.


Litt allsong.

Kaffi og litt å bita i, mykje godt drøs, sosialt samver.  

Inngangspengar: Kr. 50.


Me må og snakka om:

Er dette noko me vil satsa på, og korleis?



                                                                                    Astri Grødem

                                                                                    Inge Haugland



Årsmøte 13.februar 2020 kl 19 på Klubbhuset

Postet av Hognestad IL den 10. Jan 2019

Velkommen til årsmøte torsdag 13. februar klokka 19.00 på Klubbhuset.

Innkomne saker må vera styret i hende seinast 14 dagar før årsmøtet. Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmane seinast ei veke før årsmøtet på heimesida www.hognestadil.no

Servering av mat levert av Bryne Kro og Hotell etter årsmøtet. Påmelding til nestleder@hognestadil.no, helst innan 7.2.20.

Velkommen! 

Styret


HIL Årsmelding 2019.pdf