Hognestad
Idrettslag

Innebandy

Torsdagar mellom 20:00 – 21:30 er tida inne for å ta igjen all trening som er forsømt den siste veka. Sidan denne tida i fjor, har seriøsiteten bare auka på, og nå har me begynt med noko ein mest kan kalla felles oppvarming før start. Mange av oss er jo godt vaksne karar, som kanskje ikkje er så gode til å hugsa mange reglar. Den nye regelen me innførte i fjor, der det er ulovleg med høg kølle, har begynt å setje seg hos dei fleste. Nokre slit nok litt enda med å hugse regelen.

Nokre nye sjeler har kome til det siste året, dei blir for det meste brukt som «rundingsbøjer». At det går hardt for seg er nok å ta hardt i, men nokre ribbeinsbrudd har det blitt i løpet av året. Det blir for småplukk å regne når så mange eksplosive mannfolk er samla på same bane.

Denne kjernesunne gjengen kjem alle til å leva altfor lenge grunna stålkondis og andre biverknadar av iherdig innsats i hallen kvar torsdag.
Hugs at alle mannfolk over 18 år er hjarteleg velkomne på innebandytrening i hallen torsdager 20:00-21:30.

Tommy Hognestad Liland