Hognest`treffen

Postet av Hognestad IL den 20. Feb 2019

Til folket i Hognestad-krinsen!


I Hognestad Idrettslag sitt blad har leiar, Tommy Hognestad Liland, etterlyst nokon som vil prøva å dra i gang eit enkelt opplegg på dagtid, for pensjonistar og andre det måtte høva for, i det nye Klubbhuset. 

Me er nokre som trur dette er mogleg, og prøver med ei samling onsdag 6. mars kl. 13.00. Det er viktig med godt frammøte, der me kan drøfta om dette er noko me vil halda fram med, og i så fall korleis. Me tenkjer først og fremst på dei som har tid på dagtid, også dei som har flytta frå krinsen, eller andre som ønskjer å treffast til litt program og mykje godt drøs. Tipsa gjerne nokon de trur det kan passa for. 


God parkering framfor klubbhuset, nede ved grasbanen. Herifrå er det utvendig trapp opp til hovudinngangen.  

                                                                  


Me inviterer til:


Hognest`treffen på Klubbhuset onsdag 6. mars kl. 13.00. 


Velkommen!


Tom Hetland:

LIVET PÅ HOGNESTAD OG STYRKEN TIL DEI SMÅ SAMFUNNA.


Litt allsong.

Kaffi og litt å bita i, mykje godt drøs, sosialt samver.  

Inngangspengar: Kr. 50.


Me må og snakka om:

Er dette noko me vil satsa på, og korleis?



                                                                                    Astri Grødem

                                                                                    Inge Haugland


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert avIdrettenOnline